Ei dagbok for mitt hjarte

Ei dagbok for mitt hjarte

Det gjorde vedvarande vondt i brystet. Verkinga ville ikkje gi seg. Eg prøvde å liggje, stå opp og gå.

Eg sat med hendene ihovudet og rugga fram og attende.

Ingen ting hjelpte.

Det var natt, mannen min sov, og det kjendest iliksom ikkje riktig å vekkje han.

Ei dagbok
hjertev1

Hasteoperasjon.

Morgonen etter vart eg hasteinnlagt på Ullevål Universitetssykehus, der årer vart blokka ut, og ei veke seinare tok eg bypassoperasjon og fekk  fleire månader med rekonvalesens.

Hestehoven


Vi såg ein hestehov som trassig sette hovudet opp trass i kuldegrader på 8-10 grader om natta, og dagen etter såg me avkommet.

dEi held ut, og snart var det hundrevis av hestehov som lyste mot oss når me gjekk oppåver bakken!

Våren var i ferd med å bryta gjennom.

 To månader seinare

hadde eg saman med mannen min gått sakte men sikkert gått legre og lengre opp Brynsåsen, litt lengre for kvar dag.

Det kjendes som litt av ein siger å stå på toppen, og sjå vegen vidare innover. Me kjende oss nesten ikkje att, for det var fellt så mykje skog sidan sist.

Det tok ein månad å nå toppen, men det var verd det. Forma var betre, pusten var betre, og vi hadde halde ut og nådd første delmål!

Opptrening på LHL- sjukehuset


Eg trudde eg visste det meste om opptrening og mat, men på hjarteskulen til LHL på Gardemoen fekk eg nyttig informasjon og praktiske instruksjonar om vegen vidare.

Seinare har eg prøvd å tileigne meg meir kunnskap, og setje noko av han ut i praksis, og vonar det skal føre til eit godt forlenga liv.

Mandag - Torsdag
15:00 - 17:00
Fredag
22:00 - 23:00
Lørdag - Søndag
Stengt